«The word gaze only applies to water.»
– Dionne Brand
I:
vesle skapnad–kjøt som framleis dampar–
kløen i Mi høgre handflate–er det dette du vil spørje om?
–feit & bloddekt–varma av meg, er dette
framleis–det du ber meg om–mos?
–sirup–som skin så bløtt
på tunga Eg ga deg?
–Eg plukka sjølv ut muskelen
visste du det?–plukka som pløsete
frukt–(tør du spørje oss om
kva for munn? har du
mage til å vite det?)–Eg sa:
Eg
plukka sjølv ut muskelen–kleip
mellom venstre tommel–& venstre peikefinger
kleip–sirklar over smakslaukane dine
–blaute sirklar–stormstøtta–Eg
henta den blasfemiske muskelen heim
–våtsalta då eg vandra Havet
utan vitne–kan du
sjå for deg det?
–trur du
du forstår
Stilla–no–
som du har eit tunge?
så spis
blasfemien din då–vesle forrædar
tygg.
II:
sjølv vi subalterne kan skrike
(spytt) kven andre må vi tiltale? (Dine
fungale organisasjonar
på jorda) dei har framleis skip
gøymt i blazerlommane sine
(sjølv no), nøgde
& glade høyrer vi dei sikle (& Du ser
dei slakte) delikat avling(sirkuler
valdssyklusar)
(sjokkerande) salta
geometri (der! på havbotn)
bein må vere vakre mønster
(berre i storskala, hm?) kva kunne elles fortene
Ditt (altfor travle) overblikk?
det må ha vore det vakre.
det kan tilgivast. sjølv gudar må
underkaste seg den distraksjonen. er Du redd
for å fortelje Havet til meg (som ein forteljing)?
som ein elskar i sitt uvit (juvellike folkemord)
sollys som bryt på vatnet
gulp av godt håp
voggar Du talet?
skalaen (bratt)
glans som berre Du kjenner
voggar Du
det sanne dødstalet (som babytenner)
gud, kor fekk du denne
lufta? å som det brenn oss
det brenn (kryssar
oss).
III:
Spørsmål:
kva har Du gjort?
Svar:
eit valdsslag verdig opprykking.
Spørsmål:
...sendt over havet,
Svar:
ja, med apokalypse som flagg.
Spørsmål:
Eg spør Deg-
Svar:
korleis kunne du tro dei var Meg?